• Forside
  • Add meg
  • Skottland 2012
  • Viltkamera
  • #HekLaduK
  • 0

    Torridon fra Härkila



    Härkila Torridon, for den som vil ha stilfull jaktbekledning

    Eg skal driste meg til å sette nokre fjelldollars på at mausermafiaen i sin grøne FK-dress, med 20pk elite i brystlomma og med grasstrået på tvers i kjeften syns at dette her er noko forbanna jåleri.
    Sånn dei driv med i byane. Ja du veit, dei som ikkje meistrar å drikke kaffikopp utan ein skvett melk  oppi.
    Dei køyre sånn bil som kun brukar straum og. For å ikkje gløyme kildesortering og piggfrie dekk.

    -Skal du dra hjorten heim med slipset? Syns eg høyrer det på skytebana. Han står der i altfor trang dongeri, mokkasinar med nedtrakka hæl, utvaska beige t-skjorte med kamuflasjemønster danna av svetteringar på storleik med eit middels vatnhol på den russiske tundraen, og han snakkar om stil.
    Godt nøgd med å ha prikka 5 skot in sirkelen på reinsdyrblinken på åttande forsøk, det er det egentleg freistande å berre smile :)

    Eg pleier å svare at jakt er litt som ein fest for meg, og ingen har vel som målsetting å sjå ut som ein dass på fest, eller sjå ut som ein takticool harrytapp som eigentleg er meir kledd for krig enn jakt. Eg jaktar ikkje nødvendigvis ikkje for å skyte noko, eg jaktar for meistring og oppleving. Det å snike seg innpå den store hjortebukken høgt i fjellet er kanskje det gjevaste eg veit. Berre sitte og sjå bukken i sitt rette element, og ikkje minst at han ikkje har oppdaga deg.

    Det handler om at jakta for stadig fleire av oss handlar 99% om opplevelse og minner. det etterlater 1 % til broderlig deling på skuddet og smellet.
    Handverk, skikkelig produkt både på bekledning og oppgradert treverk på riflestokk betyr faktisk noko, ellers hadde aldri produsentene gidda å lage stilfulle artikler.

    Livet er altfor kort til å ikkje følge draumane og hjartet.

    Her snakker vi flott bekledning, med matchende lys skjorte. Et passende slips gjør deg til sentrum både i selve jaktutøvelsen og festen etterpå :)













    Stilig :)
     



    Skriv en ny kommentar

    hits