• Forside
  • Add meg
  • Skottland 2012
  • Viltkamera
  • #HekLaduK
  • 0

    MERKEL RX. HELIX ALPINIST



    Ikkje tru at havesjuke er noko som forsvinn etter å ha prøvd denne rifla. For å gløyme fortreffeligheita, smidigheita, det elegante og geniale med denne rifla må du tygge nokon doser kognitiv dissonans og svelge unna. 

    Kva har den her rifla som min Sako 85 Finnlight, og Scultz&Larsen Victory 97DL ikkje har? Eg er bortskjemt med kvalitet frå før av, so no må eg snart lære å halde meg vekke frå slike freistingar.

    Eg har aldri vore nokon stor fan av retrekkarrifler, mest av alt fordi eg har det eg treng i våpenskapet, og frå før har eg kun prøvd Blaser R93 og R8. Velskytande og fine jaktgevær. Løpsbytte, topp presisjon, alt eigentleg. Men dei har ikkje hatt den faktoren som gjer at dei er eit must i mine hender ein oktoberdag i hjorteskogen.

    Men alt kan snu, sola snur, vinden snur, politikarane snur og havesjuka kom over meg etter første tur på skytebana med Merkel sin Helix Alpinist i kaliber .308w
    Allereie då eg fikk rifla i hendene kjentes det heilt rett. Ho har balanse som får ei skilpadde til å virke ustødig. Og det korte ladegrepet med 1:2 utveksling, heilt nydeleg.
    Eit deilig avtrekk som bryter stillheita ved 1kg trykk. Oppspennaren gjer at du kan gå med patron i kammeret og framleis være 100% sikker. Akkurat som på andre rettrekkarar.

    Det som er hovudskilnaden på Helix kontra andre rifler i same konsept er verktøylaust pipebytte, eit pipebytte som tek under ti sekund om du har hast. Du tek av framskjeftet, vippar ned ein hendel, og dreg ut pipa. Skal du byte kalibergruppe f.eks frå .223 til 9,3x62 let du sluttstykket stå framme når du gjer dette, då sit sluttstykkehovudet igjen i løpet. Ingen fikling.

    Treffpunkt før og etter løpet har vore ute av låskassa. På Merkel Helix sit montasjen på låskassa og er soleis avhengig av eit system som gjer at pipa monterast likt kvar gong. Og der ser det ut som om Merkel har full kontroll. Under siste turen på skytebana vart det prøvd fleire skot etter demontering og montering. Treffpunkt vart ikkje forandra.

    På papiret skriv Merkel at den er testskoten med 170grain Vulkan. Og truleg er pipa mest eigna til tyngre kuler enn dei eg prøvde i på bana i dag.
    Eg prøvde Sako Speedhead 123grain, Sako Superhammerhead 150grain, Federal Trophy Copper, og Sellier&Bellot 124grain, og NP trainer 150grain.

    Overraskande nok var det den minst kostbare ammunisjonen som samla best . Eg kunne lagt i ein av kvar type og skote storviltprøva utan problem.


    Fem raske skot med pipebytte halvvegs,  Sellier & Bellot 124grain. cal .308winchester. To skot, so pipa ut og inn, og tre skot.

    3PN5b-x3Sp

    Mekanismeutprøving, eg har aldri prøvd noko lignande, aldri. Og ja, alle skota traff der eg sikta. Helix leverast med treskostsmagasin som standard, men femskotsmagasin er tilgjengeleg som ekstrautstyr for dei som skal på drivjakt. Helix Aplinist har justerbar kolbe for dei som treng det. Praktisk om ein skal bruke forskjellige siktemidler med forskjellig montasjehøgde.






    På låsekassa er det integrera/freste spor for kikkertmontasje, du kan velge akkurat kva montasje du vil bruke, du er ikkje låst til ein dyr orginalmontasje.
    Kort, hendig, smekker, genialt pipebytte, tysk presisjon og kvalitet.

    Like fin i det norske høgfjellet som på grisetur nedover i europas lauvskog.



    Konklusjon:  Bestilles snarest.


    0

    Caddisføre - fluefiske



    Som ei gjedde tar en popper, ørreten viser seg fra sin grådigste side nåe en stor caddis kommer med flomvannet.
    Popp! Fast fisk

    0

    Ørretsesongen i full gang !



    Det klekkes, det kastes, og det krokes!

    Etter en kald start på sesongen, og nymfefiske er det endelig tid for tørrfluefiske! I går var ørreten helt vill etter caddisfluene mine :) Storfisken har enda ikke kommet på land, men den kommer nok i løpet av sesongen.



    0

    Vårhjort

    0

    Gaularfjellet



    Majestetisk og kraftig.

    0

    #Vårhjort




    Trenger absolutt eit betre objektiv, kanskje eit som går frå 16-300mm, det ryktes at Tamron har noe på gang.


    #hjort #naturfoto #canon #hjortefot

    Les mer i arkivet » Juni 2016 » Mai 2016 » April 2016
    hits